Roland Utbult med interkommunalt kor i Indre Herøy Kyrkje

Av: Administrator
27/02-2010

Den 11. mars kjem den kjente svenske artisten Roland Utbult til Indre Herøy Kyrkje for å halde konsert i samband med promotering av TV Inter sitt arbeid. TV Inter står mellom anna bak programma med "TV pastor" Egil Svartdahl.


Roland Utbult har samarbeida med mellom anna Oslo Gospel Choir, Andrae Crouch, Per-Erik Hallin og Sveriges Radios Symfoniorkester m. fl. Roland Utbult var fleire gongar med i tv-serien "Minns du sången", og hans song «Längtan till havet» låg over lengre tid på Svensktoppen. Han arbeider også på "Räddningsmissionen" for heimlause i Göteborg. Roland Utbult har gitt ut heile 20 plater og forfatta 3 bøker.

Utbult vil samarbeide musikalskt med det interkommunale Lovsongskoret og bandet frå siste lovsongskvelden på Sjøborg, som også vil delta med nokre eigne nummer.

Då skulle bordet vere dekka for ei flott og opplyftande musikalsk oppleving! Hjerteleg velkomen skal du vere! For meir informasjon sjå www.lovsong.com