Det strøymer ei livselv av lukke

Av: Administrator
06/11-2009

Under tittelen «Det strøymer ei livselv av lukke» vil Ørsta Frikyrkjekor med dirigent Knut Ose, invitere til konsert i Herøy Frikyrkje 14. november kl.19.00.


«Det strøymer ei livselv av lukke» er tittelen på ein kjend og kjær song med tekst av Trygve Bjerkreim og melodi av Ragnar Ørstavik. Denne tittelen vert no brukt som namn på ei kantate som tek utgangspunkt i Trygve Bjerkreim sine tekstar. Ørsta Frikyrkjekor vil framføre denne kantata på konsert i Herøy Frikyrkje og Ørsta Frikyrkje 14 og 15 november. Det er fyrste gong kantata vert framførd på Sunnmøre.

Trygve Bjerkreim vart fødd i Bjerkreim i Rogaland . Han har mellom anna gjeve ut 35 bøker der 22 av desse er diktbøker. Han har skrive to påskekantater, fire julekantater og fleire misjonskantater. Han har også gjeve ut eit monumentalt verk, Kristuskvadet.Vi har ein stor arv å ta vare på etter denne diktaren.

Kantaten «Det støymer ei livselv av lukke» vart tinga av Jæren Kammerkor og gitt ut i 2008. Kantata er sett saman og arrangert av Sigvald Tveit. I songutvalet finn me først og fremst nokre av dei mest kjende og brukte Bjerkreimsongane: «Det srøymer ei livselv av lukke», «Det er makt i de foldede hender» og «Han tek ikkje glansen av livet». Det er vidare valt ut nokre songar tonesette av ulike komponistar. Også desse er jamnleg i bruk i ulike samanhengar. Til slutt er det med nokre meir ukjende songar og dikt, som har slike kvalitetar ved seg at dei fortener å stå fram i ny og spanande tonedrakt.

Med seg i utveljinga av songar har Sigvald Tveit hatt med Hans Kristoffer Goa, som også har og skrive tekstar om Trygve Bjerkreims liv og diktning. Desse vert opplesne mellom songane under konsertane. Goa er formann i TBV (Trygve Bjerkreims Venner).

Ørsta Frikyrkjekor er eit blandakor med utspring i Ørsta Frikyrkje. Koret tel idag omlag 35 songarar med jamn fordeling på dei ulike stemmegruppene. Dette er songarar frå ulike samanhengar i Ørsta og Volda. Dirigent og inspirator for koret er Knut Ose . Han er også representert i kantaten som komponist av melodien til «Takk at du tok mine byrder».

Koret vil ha med ei lita gruppe musikarar, piano, bass og fløyte. Gunnar Stave og Jon Ståle Lystad er solistar. Dei framfører fleire songar saman med koret .

Vi i koret håper dette vil verte ei fin stund både for dei som vil høyre kjende og kjære tonarog for dei som vil oppleve nye klangar. De kan også bli med oss inn i dei gode tekstane og bakgrunnen for desse. Set av laurdagskvelden til eit møte med arven etter Trygve Bjerkreim!