Storslått Seven-konsert i frikyrkja

Av: Jørgen Kopperstad
24/06-2009

Laurdag var 80 Herøyborn samla for å delta på gospeltreff saman med dei kjende jentene i koret Seven. På kvelden vart det konsert, med fartsfylt gospelsong og glade ungar i ei bortimot fullsatt kyrkje.(Av: Jørgen Kopperstad, Herøynytt)


(Foto: Jørgen Kopperstad)

Jentekoret Seven kjem frå austlandet, og består av sju jenter i alderen 9-13 år. Jentekoret har også sju nye aspiranter under opplæring, slik at dei kan bytte litt på når dei reiser rundt på konsertar.Når koret er på turné, reiser berre 7 av jentene i gongen. Dei populære jenten har ikkje mindre enn 62 konsertar i år, og då kan det vere greitt å byte på. Jentene kjem frå Drammen, Arendal og Oslo, og mange av dei er kjende frå før. Ei av jentene har sunge inn plate saman med Maria Arredondo, og ei anna har vore med i barnetvprogrammet Barnas Supershow. Jentene har med seg eit tydeleg bodskap,og gir dette til publikum på ein energisk og utstrålande måte.

Dei 80 borna som hadde meldt seg på gospeltreffet, fekk vere med på nokre av songane. Alle fekk utdelt blå t-skjorte, som var sponsa av det lokale næringsliv. Det vart skikkeleg trøkk i Frikyrkja og mykje ny inspirasjon til barnekora i Herøy.


Jentene i koret Seven (Foto: Jørgen Kopperstad)

Etter konserten prata Herøynytt med jentene i Seven.

Kan de tenkje dykk å kome til Herøy fleire gongar?
- Ja, ropar dei. Vi har vorte godt mottekne, og med så mykje folk var det artig å halde konsert.

Kva må til for å kome så langt som de har gjort?
- Vel, ein må kunne vise at ein liker det ein driver med. Utstråling og det å vise at ein er glad får publikum til å like oss.

Kva tykkjer de om Maritime sommardagar og om Fosnavåg?
- Her er svært kosleg, og vi har storkosa oss. Det er heilt fantastisk å sjå sola gå ned i havet, og å høyre måsane om morgonen. Ein kviler når ein er her.