Vellykka dramakurs i Frikyrkja!

Av: Administrator
23/02-2009

Laurdag 21. februar inviterte Det Norske Bibelselskap i Møre og Romsdal til dramakurs i Frikyrkja. Det var pastor Erhard Hermansen som og er leiar for Bibelselskapskomiteen i Møre som ønskte velkomen til kurs.


Nokre av deltakarane på dramakurset var frå Sion Gurskøy.

Birgitte Bjørnstad Sæbø som driv "Kreativ formidling" og arbeider ved Menighetsfakultetet var kurshaldar. Birgitte mottok i 2003 Årets Bibelpris etter å ha turnert med den kulturelle skulesekken. Forestillinga "Bare smågutter, men..." vart svært godt motteke, mellom anna her i Møre og Romsdal. Birgitte Bjørnstad Sæbø vart saman med Tone Stangeland Kaufman tildelt Emmausprisen 2006 for Årets beste norske bok for vaksne for boka "De store ordene"

Det vart ein spennande og utfordrande dag for deltakarane som kom frå Herøy, Sande og Vanylven. Frå teaterleik og improvisasjon fekk deltakarane kjennskap til ulike teknikkar innan drama, og ut frå deltakinga, latteren og smilet å bedømme var det mange som hadde noko å ta med seg frå kurset.

Kurset er det andre i ei rekkje av fire som denne våren vert arrangert i Møre og Romsdal. Dei neste kursa vert arrangert i Romsdalen og på Nordmøre, men leiaren i Bibelselskapskomiteen Erhard Hermansen har alt fått fleire henvendingar om nye kurs på Sunnmøre, og ser ikkje bort frå at vi kan få til det.