Alphakurs
Leiter du etter svar på livets store spørsmål?

Av: Administrator
10/12-2017

Over 10 kveldar og ein weekend gir Alphakurset ein god innføring i den kristne tru. Kurset er egna både for den som allereie er kristen og for deg som er på leiting etter tru og meining med livet. I Alphakurset er det rom for undring, spørsmål og refleksjon. Alle er velkommen på Alpha, og det er mange forskjellege grunnar til at menneske deltek. Nokon vil lære meir, nokon prøver å finne ut om Gud finnes mens andre rett og slett søker eit nytt miljø og nye vener.


Alphakurset er eit velprøvd kurs som arrangerast over heile verda. Meir enn 24 millionar menneske har gått eit Alphakurs – i kyrkjer, bedehus, i heimar, på studiestad eller i fengsel. Alpha er å finne i 169 land, og er omsett til 112 språk.

Mange stiller spørsmål - kanskje du er ein av dei. Livet stiller oss overfor mange vanskelege spørsmål. Om meininga med det heile, om døden, om Gud - og kven er nå eigentleg denne Jesus? Mange vel å leve med sine spørsmål, men for andre kjem ei tid då man treng svar som er til å stole på. ALPHA-kurset er laga for å gje deg svar på dine spørsmål.

Alpha har låg terskel og det er kjekt! På Alpha har du høve til å utforske den kristne tru i eit ope og avslappande miljø. Kurset består av 10 vekelege og tankevekkande samlingar. Midtvegs i kurset reiser vi også på weekend med god tid til fellesskap og undervisning. Mange opplever weekenden som eit høgdepunkt i Alpha-kurset.

Herøy Kyrkje og Herøy Frikyrkje har gått saman om å arrangere Alpha-kurs denne våren. Alpha er eit godt og ærlig kurs med mange spanande tema og samtalar som møter deg og dine spørsmål der du er uavhengig av bakgrunnskunnskap og kyrkjetilhøyrsle. Alpha er òg ein viktig arena for våre menigheiter til å invitere med seg andre til fellesskap og samtale.

Oppstart: Torsdag 11. januar.
Pris: kr. 1200 (inkluderar weekend, samt kursmateriell og mat kvar kurskveld).
Dersom du ser det er vanskelig å få det til økonomisk, men ønsker å delta, ikkje nøl med å ta kontakt så vil vi finne en løysning som gjer at du kan delta likevel.
Weekend: 16. til 18. februar på Tindetun

Påmelding innan 5. januar til heroy@frikyrkja.no / 70087800
eller kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no / 70080260

Herøy Kyrkje
Herøy Frikyrkje