Ta ein sørvis på samlivet!

Av: Administrator
20/01-2017

Vi er regelmessig hos tannlegen, sjekkar bilen på verkstad når noko skurrar, og det er heilt uaktuelt å køyre med punktert dekk! Men kor ofte har vi eigentleg sørvis på det viktigaste av alt – samlivet? 27.-28. Januar på Kjeldsund inviterer vi til ekteskapskurset «Tid for to» med Tonje og Dag Haugeto Stang.


Tonje og Dag Haugeto Stang

Om Tonje og Dag:

Tonje er kjent som forkynner og driv med coaching/mentoring. Ho arbeidar som sosialrådgjevar i vidaregåande skule.

Dag er sertifisert Imago relasjonsvegleiar, har vore pastor i ei årrekkje, og arbeidar som bedriftsrådgjevar.

Hausten 2015 kom Dag og Tonje ut med ei samlivsbok – «Tid for to».

Om ekteskapskurset:

Ekteskapskurset «Tid for to» er for alle slags par, enten dei er i etableringsfasen, småbarnsfasen eller har heldt saman i mange år.

Kurset gjev enkle verktøy for å leve godt og lenge saman. Det er livsnær undervisning med mykje gjenkjenning, og det er oppgåver og god tid med eigen partnar. Ingen grupper eller plenumssamtale.

Dersom det er ønskeleg og kan gjennomførast praktisk, tilbyr dei parvegleiing i etterkant.


Det praktiske:

Tid: Fredag 27. kl. 18:30 til laurdag 28. januar kl. 18:00.

Stad: Kjeldsund.

Pris pr par: kr. 1750,- inkl. kurs, overnatting og mat.

Påmelding snarast

Påmelding til: May Irene Myren
Tlf: 41432987
Epost: may.irene.myren@frikyrkja.no