Bli med på Alpha kurs i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
04/07-2016

“Eg gjekk på Alpha kurs fordi eg ville læra meir. Ekstra kjekt var det at vi etter undervisning fekk god tid i grupper og kunne stille alle slags spørsmål, og at vi var frå forskjellige aldersgrupper. Alpha kurset var sosialt, lærerikt og kan anbefalast“ seier Cecilia Vike, ein tidlegare deltakar på Alpha kurs.


Nå kan du bli med å utforske dei livsviktige spørsmåla når Herøy Frikyrkje mandag 5. september startar opp nytt Alpha kurs. Rundt 250 har gått på Alpha-kurs i Herøy Frikyrkje tidlegare, og meir enn 24 millionar verda over. No gler vi oss til å starte opp eit nytt kurs.

Alpha er for alle som er interessert! Alle er velkomen på Alpha, og det er mange forskjellige grunnar til at mennesker deltek. Alt frå nokre som vil prøve å finne ut om Gud finnes til at nokon rett og slett søker eit nytt miljø og nye vener. Kurset passer for alle! For deg som er nysgjerrig på den kristne tru, for deg som er ny i trua og for deg som vil få ei oppfrisking av den kristne trua.

Mange stiller spørsmål - kanskje du er ein av dei. Livet stiller oss overfor mange vanskelege spørsmål. Om meininga med det heile, om døden, om Gud - og kven er nå eigentleg denne Jesus? Mange vel å leve med sine spørsmål, men for andre kjem ei tid då man treng svar som er til å stole på. ALPHA-kurset er laga for å gje deg svar på dine spørsmål.

Alpha har låg terskel og det er kjekt! På Alpha har du høve til å utforske den kristne tru i eit ope og avslappande miljø. Kurset består av 10 ukentlege og tankevekkande samlingar. Midtvegs i kurset reiser vi også på weekend med god tid til fellesskap og undervisning. Mange opplever weekenden som eit høgdepunkt i Alpha-kurset.

Kanskje er tida inne til å prøve noko nytt!

Om du vert med på Alpha kurs kan vi love deg at du vil få vere en del av et ope fellesskap der dei livsviktige spørsmåla er på dagsorden.


Praktisk informasjon:

Oppstart:
Mandag 5.9.2016
Mandagar kl.19.30 – 22.00

Weekend:
21.-23. oktober

Pris:
Kurset er gratis men weekenden koster kr. 900
Vil du gå på kurset, men føler at du ikke har råd til å betale weekend, ingen problem! Bare gi oss beskjed.

Påmelding:
Herøy Frikyrkje, telefon: 70087800
Epost: heroy@frikyrkja.no