Tanzania på kloss hald

Av: Administrator
22/10-2017

17. september reiste Erhard Hermansen og Karl Anders Brendmo til Tanzania med ein delegasjon frå Kirkens Nødhjelp for å sjå noko av det organisasjonen har gjort for landet. På den måten vil dei bidra litt ekstra til Fasteaksjonen 2018. Samtidig hjelpte dei fleire hundre barn med leiker, skuleutstyr og strikkekuvøser frå Herøy.
Av: Josefine Spiro - Vestlandsnytt - josefine@vestlandsnytt.no


Ein nyfødd baby på sjukehuset i Haydom, Tanzania får på seg heimestrikka kle (strikkekuvøse) frå ein ukjend hjelpar i Herøy. Dette barnet er ikkje prematurt, men er likevel avhengig av kle. (foto: Kirkens Nødhjelp)

Fredag 22. september. Pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje sit i den første av dei sju landroverane på den humpete og holete landevegen. Dei er på veg til den tanzanianske landsbyen Munguri, den første som fekk reint vatn etter Kirkens Nødhjelp (KN) sin TV-aksjon i 2014. Karl Anders Brendmo i Herøy kyrkje sit i ein av bilane lengjer bak.

Plutseleg smeller det. Erhard «frys til is». Var det eit pistolskot? Kanskje ei punktering? Smellet kom frå ei av rutene. Bakfrå. Han rekk så vidt å sjå ryggen på ein liten, einsleg gut, som spring for harde livet mot eit hus like i nærleiken. Bilen bråstansar, og to av Kirkens Nødhjelp sine lokale samarbeidspartnarar stig raskt ut, og følgjer etter guten. Dei må snakke med foreldra hans. Forsikre seg om at han ikkje vert fysisk straffa for det han har gjort.

Vindaugsruta er fullstendig pulverisert, men på eit eller anna vis heng ho der framleis. Ho vert sikra med tape, før dei sju bilane køyrer vidare mot Munguri - der vesle Agnes vaks opp.

For tre år sidan fekk det norske folk sjå Agnes (11) gå sju kilometer til eit livsviktig vasshol i ein kampanjefilm for TV-aksjonen. Ho vart symbolet på meir enn 700 millionar menneske som manglar tilgang på reint vatn. Kirkens Nødhjelp har særskilt fokus på Tanzania, som er spesielt utsett.


Delegasjonen frå Kirkens Nødhjelp stoppa ved dette vassholet på veg til Munguri - landsbyen der Agnes (11) i KN sin kampanjefilm frå 2014 budde. Kvar dag gjekk ho i timesvis til dette vassholet for å hente vatn til familien og landsbyen sin. No har Munguri tilgang på reint vatn frå eit topp moderne brønnanlegg, installert av Kirkens Nødhjelp like etter TV-aksjonen for tre år sidan. Vassholet vert elles brukt av folk i andre lansbyer, som til dømes dei på bildet, som er avhengig av å gå mange kilometer kvar dag for den livsviktige væska. (foto: privat)

– Vi besøkte Agnes sin landsby mellom anna for å sjå kva Kirkens Nødhjelp sitt arbeid har ført til. Eit av resultata er at der har vore ei stor befolkningsauke, som har gjort at skulen måtte bli utvida. Vi skulle vere med på opninga av den nye skulen, fortel Erhard og Karl Anders.

Landsbyfolket er glade for å sjå nordmennene. Meir enn glade. KN-representantane og deira lokale samarbeidspartnarar er æresgjestar kvar enn dei går. 12 av dei, derimellom Erhard og Karl Anders, er plukka ut frå ulike kyrkjer i Noreg, medan tre er tilsette i Kirkens Nødhjelp.

– Vi opplevde ei enorm takknemlegheit og glede frå alle som var der. Til tider vart det nesten litt mykje, men vi forstår at dei berre vil vise oss kor mykje hjelpa dei har fått betyr for dei, seier dei to representantane frå Herøy.

Den hypermoderne brønnstasjonen er noko av det første dei ser når dei kjem inn i landsbyen. 29 solcellepanel syter for straum til det heilautomatiserte anlegget, som pumpar vatn frå den 110 meter djupe brønnen til sju tappekraner rundt omkring i landsbyen. Ei plate syter dessutan for belysning av det inngjerda området.

– Dei som har ansvar for å følgje opp anlegget fortalde oss at det fungerer akkurat som det skal, og at der aldri har vore nokon feilmelding på det. Det er overveldande å tenkje på at midt ute i ingenmannsland bur der no masse menneske som har reint vatn og skule. Det gir håp, seier Karl Anders.

Snora er klipt, og tilbygget på barneskulen i Munguri er erklært opna. Erhard har kome med ei helsing, og skal til å overrekkje to store baggar fulle med gåver til skulen. Dei kjem nesten utelukkande frå Herøy.


Erhard Hermansen og Karl Anders Brendmo var med å opne barneskulen i Munguri, som er blitt utvida som følgje av auka tilflytting til landsbyen og viktig støtte frå Kirkens Nødhjelp. Her ser vi dei med rektoren ved skulen. (foto: privat)

– Då eg kom på jobb fredagen før vi reiste, stod der tre bæreposar fulle av ting som skulle bli gitt til skulen. I dei fann eg åtte fotballar, ein haug med måle- og teikneutstyr og masse bøker, fortel Erhard.

Den norske pastoren står framfor forsamlinga, dei fleste ikledde blå og kvite skuleuniformer, og skal overrekkje gåvene. Han vil ikkje bruke mykje tid på det, og plukkar berre fram ein fotball og nokre teiknesaker for å vise døme på kva som er i baggane. Men då han skal til å gi seg, kjem ein tanzanianar frå Kirkens Nødhjelp bort til han, og kviskrar:

– Ta opp alt saman.

Pastoren gjer som har vert bedt om.

– Men då den første baggen var tom, tenkte eg at dei hadde sett nok. Då kom tanzanianaren igjen, og sa: «Ta opp alt, for det som er skjult veit ingen om». Viss ikkje alle hadde sett alt, ville det vere lettare for nokon å ta tinga som personleg eige. Det kom også ei anna og sa til med: «Understrek at dette ikkje er personlege gåver, og at alt er til skulen». Elles kunne nokon finne på å seie at noko til dømes var til lærarane eller rektoren, eller kanskje nokon ville prøve å selje det. Eg måtte vere veldig konsekvent. Det fekk meg til å reflektere over at korrupsjon kan vere så mangt, som til dømes å ikkje vise kva som låg i den baggen, seier Erhard.

Korrupsjon er eit betydeleg stort problem i Tanzania. Ifølgje Hermansen forsvinn 1,7 milliardar dollar rett ut av landet kvart år på grunn av korrupsjon, skatteunndraging og dårleg styresett. Difor har Kirkens Nødhjelp utfordra landsbyar og kyrkjer i landet til å starte eigne antikorrupsjonsgrupper (PETS-grupper) på grasrotnivå, som jobbar for å avdekkje korrupsjon, kapitalflukt og skattesnusk.

– Vi fekk treffe representantar frå nokre av desse gruppene, som gav oss døme på korleis arbeidet fungerer. Dei fortalde også at dei ser gode resultat av innsatsen, seier Erhard.

Torsdag 21. september. Bussen, som absolutt ikkje er eigna til å køyre på dei holete landevegane, kjem omsider fram til sjukehuset i Haydom.

– Det vart starta av norske misjonærar 1955. Dei var utdanna legar, og kom til denne plassen, som den gong stort sett bestod av villmark og villdyr. Fram til for nokre få år sidan var det norske misjonærar som var primus motor for sjukehuset, og der er framleis ein del nordmenn og europearar som jobbar der, fortel Erhard om sjukehuset som får mesteparten av si økonomiske støtte utanfrå. Sjukehuset jobbar elles for å bli eit rikssjukehus, og der ligg føre planar om at staten skal ta meir og meir av det økonomiske ansvaret.

– Men for første gong er sjukehusdirektøren frå Tanzania. Han gav eit veldig godt inntrykk, seier Karl Anders.

Sjukehuset er i dag lokalsjukehus for ein halv million menneske, og vert regna som det beste i landet trass i at det er plassert i «bushen».

Erhard og Karl Anders har eit spesielt ærend på HAYDOM L. HOSPITAL. I bagasjen har dei nemleg ein haug med «strikkekuvøser», laga av hjelpande hender i Herøy, til nyføddavdelinga ved sjukehuset.


Erhard Hermansen overleverer strikkekuvøser frå hjelpande hender i Herøy til avdelingsleiaren ved nyføddavdelinga på sjukehuset i Haydom. (foto: privat)

– Dei tek imot mellom 15 og 20 barn kvar einaste dag. Men i Tanzania - og kanskje i Afrika generelt - førebur ein ikkje seg på fødsel. Ein skal ikkje leggje ein plan, handle inn kle og så vidare, for tradisjonelt kan ein ikkje vite om fødselen går bra. Ein vil ikkje ta «gleda på forskot», seier Erhard.

– Men sjukehuset i Haydom har den lågaste mor-barn-dødelegheita i landet, seier Karl Anders.

Likevel er dødelegheita mellom kvinner i barsel langt høgare der enn i den vestlege verda.

– Sjukehuset driv faktisk ein eigen barneheim på området som primært har omsorg for barn som har mista mødrene sine medan dei fødde, fortel Erhard.

Kirkens Nødhjelp sine representantar vitjar barneheimen. Erhard får litt kontakt med den eldste av dei små bebuarane - ein gut på om lag seks år.


Den eldste guten på barneheimen i ferd med å vatne deire eiga vesle «dyrkemark». (foto: privat)

– Vi hadde med oss 3-4 sekkar med leiker og maleutsyr til dei. Vi måtte lære dei tilsette korleis dei skulle bruke det; skylje penslane og så vidare, for dei hadde aldri vore borti slikt før, fortel Erhard og Karl Anders.

Det er noko spesielt med byen Haydom, fortel dei to. Det er ein av dei få plassane i Tanzania der alle dei ulike stammane og språkgruppene i landet er representerte - og tilsynelatande lever saman i harmoni.

– Tradisjonelt sett har det ført med seg store utfordringar, og gruppene har til ei viss grad utkonkurrert kvarandre. Men Kirkens Nødhjelp har, saman med partnarar, vore med å starte eit program der ein både jobbar for å bevare stammeidentitetane og for å skape utvikling på ein sunn måte. Difor arrangerer dei mellom anna ein stor 4-dagars kulturfestival ein gong i året. Vi fekk vere med å feire nokre dagar. Der fekk vi eit innblikk i stammekulturane, med tradisjonelle drakter, ansiktsmaling, song, dans, og pil og bue-skyting, fortel Erhard.

Trommene går konstant. Mennene i danseområdet har herja lenge. Midt i all dansinga slepp dei to svære kvelarslangar ut på bakken mellom seg. Føtene held fram - dansar over dei farlege dyra, så dei hissar seg opp. Plutseleg kastar ein av dei skrekkinngytande slangane seg fram og høgg tennene i armen på mannen som nesten trakka på han. Han blør. Nokon kjem bort med ei salve.

– To minutt seinare plukkar dei opp denne slangen og legg han om halsen på ein mann. Så vinkar dei på meg... Eg berre «Er det mogleg?» Eg heldt hovudet i den eine handa og bakpartiet i den andre, fortel Erhard og ler høgt.


Erhard Hermansen kvapp til då nokon plutseleg la denne kvelarslangen rundt nakken på han. Korleis skal vi tolke det smilet? (foto: privat)

Etter sjukehusbesøket i Haydom får nokre av nordmennene lyst til å gå ein liten tur i området og kjenne på livet.

– Eg ville møte menneska som budde der, fortel han.


Bildeglimt frå gata i Haydom, der Erhard tok seg ein spasertur etter sjukehusbesøket. (foto: privat)

Midt i gata, der trafikken er som verst, ser han ei rekkje døme på Tanzania sine «moderne» gatekjøken: frittståande frityrgryter full av chips. Det er morosamt. Men så ser han noko som fører til eit aldri så lite hjartestikk. Ein liten unge, truleg i 3-årsalderen tassar rundt på gata med ein bambus-stilk i hendene. Det er feiekosten hans.

– Eg kunne no ikkje prate med han, men han kika på meg då eg stod der. Mora sat under eit tre like ved - det stod også midt i vegen, seier Erhard.

Ho er ikkje den einaste som «berre sit der». Veldig mange har ikkje arbeid å gå til. Kanskje har dei heller ikkje ein skikkeleg heim.


På vegen, mellom trafikk og frityrgryter, fekk Erhard Hermansen sjå denne vesle guten, i ferd med å koste gata med ein tørka bambusstilk. Mora sat under eit tre i nærleiken utan å gjere på noko spesielt. (foto: privat)

– Kva gjer dei på alle saman, spør Karl Anders;

– Det tenkte eg på fleire gongar. Kva skal dei? Kva gler dei seg til? Og der var så mykje søppel overalt. Og dårlege vegar og manglande gatelys. Ein vert heilt overvelda av all fattigdomen. I slike stunder kan det vere vanskeleg å sjå håpet, for ein kan ikkje nå ut til alle. Men ein må fokusere på at ein kan hjelpe nokre. Og så er det viktig at ein samarbeider med lokalbefolkningane. Kirkens Nødhjelp rettleiar dei, og hjelper dei på veg slik at dei sjølve kan utvikle seg vidare og gjere kvardagen betre for fleire. Vi såg at det verkar, seier Karl Anders.

– Vi er veldig stolte av Kirkens Nødhjelp og den måten dei jobbar på i Tanzania. Dei samarbeider med lokale partnarar om å kurse folk som bur der i offentlege prosessar, budsjett og økonomisk utvikling, slik at dei kan halde myndigheitene ansvarlege. Dei hjelper rett og slett befolkninga til å utvikle sitt eige land.


I Tanzania finst tusenvis av små «spare- og lånegrupper» (VICOBA-grupper) drivne av lokale menneske som jobbar for å gi folk moglegheiter til å starte eigne forretningar. KN-delegasjonen vitja mellom anna ei slik gruppe på Zanzibar. Den består av 12-15 damer, som vi her ser sitjande i ein ring rundt «banken» - eit pengeskrin. Den er sikra med tre hengjelåsar og krev tre personar for å bli opna. Også bokføringa er tredelt, slik at ingen skal kunne jukse med tala.
– VICOBA fungerer slik at du kan kjøpe deg inn i banken med nokre eigedelar. Då kan du også søkje om å låne pengar til ulike prosjekt frå banken, fortel Erhard. (foto: privat)