Bli ein brønnbyggjar!

Av: Administrator
29/03-2017

Ingenting er viktigare enn reint vatn. For vatn gjev ikkje berre liv, vatn kan også ta liv. Å gjere noko for andre er viktig for oss som kyrkje, og førstkomande tirsdag, 4.april skal me bidra til at fleire får reint drikkevatn i Kirkens Nødhjelps fasteaksjon, seier pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje og kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo i Herøy Kyrkje.


Konfirmantane i Herøy Frikyrkje er nokre av konfirmantane som førebur den store aksjonsveka med innsamling i heimane førstkomande tysdag. Konfirmantar vert og å sjå ved fleire butikker i løpet av uka.

– Eg har ofte blitt sjuk av det skitne vatnet me hadde her i landsbyen. Eg måtte halde meg heime frå skulen fordi eg hadde vondt i magen, og eg har fått urinvegsinfeksjon på grunn av vatnet. Men no er det mykje betre, fortel 13 år gamle Richard Wilson.

Han er ein av mange innbyggjarar i Ikonda i Tanzania som har fått ein ny brønn. Bebuarane i landsbyen har jobba frivillig for å få bygd brønnen. Dei har fått hjelp frå Kirkens Nødhjelps partnarorganisasjon i Tanzania og det er pengar frå TV-aksjonen i 2014 som gjorde det mogleg å gjennomføre prosjektet. No er vatnet mykje reinare, og det gamle vatnet vert berre nytta til å lage mursteinar og vatne åkrane.


Rikard Wilson frå byen Ikonda i Tanzania drikk vatn frå brønnen som Kirkens Nødhjelp fekk bora i september. Han vart ofte sjuk av vatnet dei hadde tidlegare og måtte halde seg heime frå skule, men no er det mykje betre seier han.

Noreg og alle andre medlemsland i FN har sett seg som mål å skaffe reint og trygt drikkevatn til alle innan 2030. Men det er ein lang veg fram, sidan det framleis er millionar av menneske som ikkje har tilgang til reint drikkevatn.

Du kan bli med på å gjere denne vegen kortare ved å bidra med pengar til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon 2017, der me samlar inn pengar slik at endå fleire kan få reint vatn, slik som Wilson. Herøy Frikyrkje og Den norske Kyrkje er stolte av å kunne samarbeide med Kirkens Nødhjelp som arrangerer Fasteaksjonen for 50. gong i år, seier kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo i Herøy Kyrkje

I 2017 markerer me også at det er 500 år sidan reformasjonen, og Fasteaksjonen er jubileets diakonale prosjekt. Også i Tanzania markerer dei jubileet ved å hjelpe andre.

– Me trur ikkje at kyrkja lever i eit vakuum. Me trur på å hjelpe andre menneske. Styresmaktene kan ikkje hjelpe alle i Tanzania, og her kan me bidra, seier biskop Emmanuel Makala, som er biskop i den same regionen kor Richard Wilson bur.


Pastor Erhard Hermansen (t.h.) i Herøy Frikyrkje og Kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo i Herøy Kyrkje førebur den årlege fasteaksjonen til inntekt for Kirkens Nødhjelp sitt arbeid og håpar på rekordinnsamling.

Herøy lever heller ikkje i noko vakuum og er glade for at me kan støtte dette arbeidet, seier pastor Erhard Hermansen, og oppmodar alle om å ta godt imot konfirmantane som kjem førstkomande tysdag. - Kvar konfirmant som går på tysdag, og kvar ein som gir i bøssene, sørgjer for at nokon andre kan sleppe å gå ein ekstra lang tur kvar einaste dag for å kome til næraste brønn. Bli ein brønnbyggjar du også, og støtt Kirkens Nødhjelps fasteaksjon, seier Erhard Hermansen.