Håper å feire 50 år med rekordinnsamling

Av: Administrator
18/03-2017

Reint vatn kan redde liv, og ureint vatn kan ta liv. Alle land i verda, også Noreg, har sagt at alle skal ha tilgang til reint vatn innan 2030. Den 4. april skal konfirmantar frå Herøy Frikyrkje og Den norske Kyrkje gjere sitt bidrag når Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp feirar 50 år.


Pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje og Kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo i Herøy Kyrkje førebur den årlege fasteaksjonen til inntekt for Kirkens Nødhjelp sitt arbeid og håper på rekordinnsamling.

I fjor kom det inn 34 millionar kroner til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon. Pengane sørger for at mange tusen menneske får tilgang til reint drikkevatn, og på den måten reddar menneskeliv.

Landsdekkande aksjon gjennom 50 år

– Det er stort å få være en del av en landsomfattande aksjon, der kyrkjelyder over heile landet går saman om å gje fleire reint vatn. Mange vil seie at det ikkje er vår oppgåve å sikre reint vatn til folk i andre land, men som kyrkje er me del av ei verdsomfattande rørsle, og me i Herøy skal ta vår del av ansvaret, seier pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje

Fasteaksjonen finn stad i byar og bygder over heile landet, og det er i år den 50. gongen at Kirkens Nødhjelp arrangerer aksjonen. I år er også Fasteaksjonen den diakonale delen av kyrkja si markering av at det er 500 år sidan den lutherske reformasjonen.

– I fjor vart det samla inn nesten 150.000 kroner i Herøy. Det er me veldig godt nøgde med, men det hadde jo vore moro å samle inn endå meir i år, seier Erhard Hermansen

Millionar med ureint drikkevatn

– Diakoni er ein heilt sentral del av ei kyrkje si verksemd, og Kirkens Nødhjelp er stolte av å vere den diakonale delen i 500-årsmarkeringa av reformasjonen. Me veit også at dette jubileet vert feira i kyrkjer i landa kor me driv naudhjelp og bistand, og det er fint å sjå korleis tru kan bygge bruer, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland.

Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon
Frida Ngasa (13), Juma Lupinza (14) og Gregory Masanja (13) frå landsbyen Ikonda i Tanzania fekk i september reint vatn takka vere TV aksjonen i 2014 til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. (foto: Håvard Bjelland)

Over heile Noreg vil frivillige banke på dører frå den 2. til 4. april slik at flest mogleg får sjansen til å støtte arbeidet for reint vatn til fleire. Gjennom dei 50 åra Fasteaksjonen har blitt arrangert har ein million nordmenn gått med bøsser, og fleire hundre tusen menneske har fått hjelp på ulike vis.

I år er det reint vatn som står i sentrum, for sjølv om reint drikkevatn er ein rett alle menneske har, så er det likevel millionar av menneske som ikkje har tilgang til slikt vatn i dag.

– Det har vi tenkt å gjere noko med saman med Kirkens Nødhjelp. Me vil besøke så mange heimar som mogleg, slik at flest mogleg kan få sjansen til å støtte Kirkens Nødhjelps arbeid, og at fleire på den måten kan få reint drikkevatn, seier kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo i Herøy Kyrkje.