Ja, vi elskar dette vatnet

Av: Administrator
09/03-2017

– Vatnet smakar mykje betre, og kleda er mykje reinare enn før, seier Richard Wilson, før han tek ein ny slurk av vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet enklare, friskare og meir morosamt for Wilson.


Før kunne Wilson bruke mange timar på å hente vatn til familien. Køen ved brønnen kunne vere lang, og for kvart minutt med venting, vart det eit minutt mindre med fotballspeling saman med venene. For ein 13 år gamal gut er det hardt å akseptere.

Men vatn må familien til Wilson ha, og å skaffe vatnet er hans ansvar. Og det er eit tungt ansvar, bokstaveleg talt. Fire kanner med vatn skal fraktast frå brønnen og heim, og når kannene er fulle er vekta på 80 kilo. Det er god trim for ein 13-åring, kanskje litt for mykje av det gode, tenkjer mange. Men vatn må familien ha.

Den gode nyheita er altså at det nyleg har skjedd endringar i landsbyen Ikonda, der Wilson bur. I landsbyen har fleire brønnbyggjarar fått opplæring, og ein ny brønn er på plass. Den har gjort køen ved brønnen kortare og vatnet reinare. Sjukdommar som diaré og urinvegsinfeksjon er også langt sjeldnare enn før.

– Før kunne eg ha vanskar med å tisse, og eg hadde mykje vondt i magen. Men no er det mykje betre. I framtida håper eg at vasstilgangen vil bli endå betre, og at folk si helse også vert betre, seier Wilson, som no også har betre tid og helse til å spele fotball – slik 13 år gamle gutar skal gjere.

Det er i år 50. gong at Kirkens Nødhjelp gjennomfører Fasteaksjonen. I 50 år har altså kyrkjelyder over heile landet bidrege til at millionar av menneske har fått den hjelpa dei har rett på. Reint vatn og tilgang på mat er ein rett alle menneske har, og Kirkens Nødhjelp kan aldri få gje nok takk til dei som har støtta aksjonen trufast gjennom 50 år.

2017 er også året der lutherske kyrkjer over heile verda markerer at det er 500 år sidan Martin Luther hang opp tesene i Wittenberg. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon står sentralt i den norske 500 års-markeringa, og målet er å vise diakoni i praksis ved å gå med bøsser den 4. april.

- Me kan ikkje alle berre reise til Wittenberg for å feire. Me må sette oss ned og sjå på alt me har oppnådd desse 500 åra. Me kan ikkje berre be om pengar, og seie halleluja og amen. Me må sjå på kva me kan gjere for samfunnet vårt, seier Emmanuel Makala som er biskop i den lutherske kyrkja i området der Wilson bur.

50 års-jubilanten Fasteaksjonen er den stødige påla i Kirkens Nødhjelps daglege arbeid. For å klare å hjelpe flest mogleg også dei neste 50 åra treng Kirkens Nødhjelp draghjelp frå våre trufaste bidragsytarar. Du kan bidra til at Fasteaksjonen vert ein suksess i Herøy anten ved å stille som bøssebærar, eller ved å gje pengar i bøssa.

Det har aldri vore enklare å bli ein brønnbyggjar.

For meir informasjon ta kontakt med Herøy Frikyrkje (heroy@frkyrkja.no eller 70087800)