Misjonssøndag, misjonsmiddag og misjonstombola

Av: Administrator
18/09-2016

Gjennom sal av mat og sal av lodd skal vi samle inn så mykje pengar vi greier – for å vere med på å gi Jesus vidare.


I oktober feirar vi misjonsjubileum i Herøy frikyrkje. Det er hundre år sidan Frikyrkjas misjonsarbeid starta opp. I Frikyrkjer rundt i landet har dette vore markert gjennom året og søndag 16. oktober er det endeleg vår tur.

Herøy frikyrkje har eit spesielt auge på misjonsarbeidet i Japan. Det er eit av landa i verda med færraste kristne i forhold til folketalet. Berre rundt to prosent av dei vel 125 millionar menneska i Japan er kristne. Japan er eit strengt hierarkisk samfunn der Jesu ord om likeverd er ei total omveltning. Det same er kristendomen sin bodskap om menneskeverd inn i eit samfunn som har lang historie om såkalla ærerike sjølvmord, og i eit land med ei av dei høgaste sjølvmordsratene i verda.

Misjonssøndag

Siste helga i haustferien (16.10) lagar vi misjonssøndag. Gudstenesta skal ha misjon som tema og etter gudstenesta sel vi rømmegraut og pølser til middag – og kaker til dessert. Samtidig legg vi opp til tombola.

Til dette treng vi hjelp av ymse slag.

Gevinstar. Vi treng mange, mange gevinstar til ein verdi av rundt 20 kroner. Dess fleire gevinstar de gir, dess fleire lodd kan de kjøpe! Og dess meir pengar får misjonen til arbeidet med å bringe Jesus ut i verda. Gevinstane skal ikkje vere innpakka. Gevinstane bør leverast i kyrkja på førehand.

Mat. Vi treng nokre kaker. Både runde kaker og skuffekaker. Gi beskjed til Torill Myren om du kan bake. (tlf 90201235)Det vert også sendt ut lister som du kan skrive deg på.

Arbeid. Det må både lagast til, seljast og ryddast opp. Det kjem lister på det også.
Gi eit par timar. Slik kan du vere med å gi nokon eit nytt liv.