Eit barn er fødd i Aust-Kongo:
Gje tryggleik til jul!

Av: Administrator
11/12-2015

Vesle Victor er barnet til ein namnlaus valdtektsmann og tenåringen Maria som har overlevd det unemnelege. Han er eit barn fødd i smerte og kjærleik. Denne jula kan du vere med og gje ein ny start til born som Victor og mødre som Maria. Det kan du gjere saman med kyrkjelyden din og Kirkens Nødhjelp.


Vesle Victor er eit barn fødd i smerte og kjærleik. Denne jula kan du vere med og gje ein ny start til born som Victor og mødre som Maria. Julaftan går kollekten til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.

–Når eg ser på Victor, prøver eg å tenkje på framtida, og ikkje på kva eg har opplevd. Eg elskar han, seier Maria (19). Ho bur framleis saman med sonen på rehabiliteringssenteret Dorcas hus, der overlevande etter krigsvaldtekter får tryggleik, traumebehandling og støtte til å utvikla sitt eige levebrød. Senteret ligg vegg i vegg med Panzi-sjukehuset der Maria er eitt av 50 000 valdtektsoffer som har fått livreddande behandling av den fredsprisnominerte kirurgen Denis Mukwege og teamet hans.

Valdtekt som taktikk
Konflikten i Aust-Kongo held fram. Brutale valdtekter blir bukte taktisk i konflikten for å rive i stykke familiar og lokalsamfunn. Krigen handlar om kontroll over råvarer og rivalisering mellom ulike etniske grupper. Overgriparane har ofte vore soldatar sidan barndomen, og ofra får store fysiske og psykiske skadar. Maria er ei av mange som også får barn som resultat av valdtektene:

– Eg vil ikkje at borna mine skal oppleva all valden eg har opplevd. Det vil øydeleggja dei så veldig. Slik kan vi ikkje ha det, seier Maria.

Gje tryggleik til jul!
Kirkens Nødhjelp jobbar med dei som er skada, med dei som skadar andre og med dei som med livet som innsats vil førebyggje vald og skapa tryggleik i Aust-Kongo. Dei siste tre åra har Kirkens Nødhjelp gjeve fleire tusen overlevande etter valdtekter traumebehandling, skulegang og arbeidstrening på ein stad der dei kan kjenna seg trygge.

–Dette arbeidet kan du delta i! For det går heldigvis an å kome på beina att etter øydeleggjande vald. Og valden kan stoppast. Takk for at du er med og gjev tryggleik til jul, seier generalsekretær Anne- Marie Helland i Kirkens Nødhjelp. Sjølv har Maria ei oppmoding til oss:

–Be for oss og landet vårt så valdtekt og vald stoppar!


Panzi-sjukehuset blei oppretta av Dr Denis Mukwege i 1999. Det var meint som eit sjukehus for fødande kvinner, men blei eit valdtektsmottak som måtte spesialisere seg på kirurgiske operasjonar for å redde kvinner og jenter med øydelagde underliv etter krigsvaldtekter. Har gjeve livreddande behandling til meir enn 50 000 valdtektsoffer.

Dorcas hus er eit rehabiliteringssenter knytt til Panzi-sjukehuset. Her får kvinnene traumebehandling, opplæring og støtte i kvarandre for å kunna klara å leva att og ha eiga inntekt. I tillegg driv senteret forsking og førebyggjande arbeid som spesielt rettar seg mot menn.

Kirkens Nødhjelp er norske kyrkjelydar sin eigen diakonale organisasjon, og har jobba i Aust-Kongo i 25 år, etter å ha støtta diakonalt arbeid i landet sidan 70-talet. Berre dei siste tre åra har 2 541 overlevande etter valdtekter fått traumebehandling, skulegang og arbeidstrening på ein trygg stad som resultat av dette arbeidet. I tillegg fokuserer Kirkens Nødhjelp på fred og forsoning, førebygging av kjønnsbasert vald og å sikra reint vatn og trygge sanitærforhold til folk som er fordrivne på grunn av konfliktene.