Med lengt til å fortelje

Av: Administrator
10/11-2015

Cecilie Leinebø Thomas vaks opp på Madagaskar. No kan vegen gå tilbake dit igjen.

Herøy-kvinna har budd fleire år i Gloucester, om lag to timar vest for London. Vegen dit gjekk til Redcliffe College fordi ho hadde lyst til å prøve noko nytt, ho meinte ho hadde for lite bibelkunnskap og var interessert i kulturforståing og kulturmøte. Redcliff College har lærarar frå mange land og vart mellom anna difor eit naturleg val for Cecilie.


Cecilie Leinebø Thomas (t.v.) tilhøyrer Herøy Frikyrkje og under ei gudstenesta i oktober intverjua May Irene Myren (t.h.) Cecilie og ektemannen Stephen Thomas om planane deira for misjonstenesta.

Cecilie Leinebø er dotter til Johanne og Bjørn Leinebø. Dei var misjonærar på Madagaskar då Cecilie vaks opp, og Cecilie vedgår at det å bli misjonær har lege i bakhovudet hennar.

- Men eg tenkte at misjonærar måtte vere ein spesiell type menneske, mellom anna at dei måtte like å stå framfor mykje folk å halde tale, og slik er ikkje eg.

Gjennom eit fem månaders kurs utforska Cecilie andre roller på misjonsmarka enn det å vere misjonær. Ho ler litt når ho fortel om prosessen.

- Det er muleg eg er treig til å forstå, eller så var eg redd for å oppdage at misjonær var noko eg kunne vere? Iallfall oppdaga eg at dette med kreativ formidling var noko ein kunne jobbe med. Det å skrive historier og skodespel og bruke songar, slikt høyrest betre ut for meg. Og dess meir eg lærte om dette, dess meir kjende eg at eg ikkje kunne la vere.

Urettferdig

Ho fortel det plagar henne, det urettferdige med at ho berre kan velje og vrake i utallige biblar og bøker om Bibelen på sitt språk når andre ikkje har tilgang til ein einaste dei forstår.

- Andre som ikkje kan lese, eller som ikkje har Bibelen på sitt språk, forstår det ikkje inn i hjarterota på same måten. Det har vorte sagt at å lese Bibelen på eit anna språk enn sitt eige er som å ete suppe med gaffel.

Ho huskar oppveksten på Madagaskar som god og ho har mange gode minne. Likevel sto ikkje Madagaskar høgast på ønskelista når ho skulle tenke kva land ho skulle arbeide i. Ein ting, seier ho, var at ho som Leinebø-dotter har store sko å fylle på Madagaskar. Noko anna var at folk skulle tenke ho valde det enklaste når ho valde eit land ho kjenner.

I staden prøvde ho Etiopia, og ein kort arbeidsperiode der. Det la seg ikkje på nokon måte til rette.

- Der var det stengde dører for oss. Mellom anna med at alle utlendingar som skal arbeide i landet må ha minst mastergrad og det ligg ikkje høgast på lista vår akkurat no.

Fleire steg

Så skulle ho og ektemannen Stephan Thomas likevel til Madagaskar på besøk.

- Vi snakka med dei misjonærane som arbeider der, og dess meir vi høyrde om kva arbeidsoppgaver dei hadde, men som dei opplevde dei ikkje hadde noko kall til, dess meir kjende vi at dette var noko for oss.

Det vart arbeidd med tanken ei tid, og no er ho og Stephan i samtalar med Wycliffe om dei skal sendast til Madagaskar som misjonærar. Wycliffe Bible Translators i England er ein organisasjon som jobbar over heile verda for at alle skal ha tilgang til Bibelen på sitt eige språk. Men det er endå nokre steg på vegen som må gåast. Det gjeld mellom anna forskjellige godkjenningar – og økonomi. Wycliffe løner ikkje misjonærane sine. Misjonærane må i staden stadfeste at dei at dei har nok folk som har lovd støtte for perioden og slik skaffe si eiga inntekt. Denne støtta kan kome kan kome både frå for eksempel kyrkjelyden der Cecilie og Stephen går i London og frå folk i Herøy.

Vegen og målet

Cecilie er spent både på vegen vidare, og korleis det blir å skulle flytte tilbake til Madagaskar – dersom det endeleg legg seg til rette.

- Eg flytta frå Madagaskar i 2001. Då var eg 15 år. Eg trur kanskje eg kjenner Madagaskar, kulturen og eit språk det er kjempartig å snakke, men det er annleis å bu der som barn enn som vaksen. Eg prøver difor å dempe forhåpningane om at eg kjem til å kjenne meg som heime frå starten av, og heller tenke at eg må lære meg å leve der igjen.

Cecilie kan no kome til å reise tilbake til det same landet og den same misjonsmarka som der ho vaks opp. Kvifor?

- Alle har eit kall til å gjere det vi kan for at alle skal få høyre om Gud. Ikkje alle har eit kall til å reise ut, men ikkje alle har eit kall til å site heime heller.