Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015:
I kriser er vatn kritisk

Av: Administrator
30/03-2015

Klimaendringane fører til fleire og verre katastrofar, og truer menneskes tilgang på reint vatn. I haust overlevde Muhammed og familien så vidt den dramatiske flaumen i Pakistan.


Muhammed Irshad (25) i landsbyen Basti Riaz Abad i Punjab, Pakistan, mista alt når flaumen kom. – Dette er den største katastrofen vi har opplevd, seier han. Foto: Fahim Farid/Kirkens Nødhjelp.

Det er dei fattigaste som vert hardast ramma av klimaendringane, anten det er i tyfon på Filippinane, tørke i Etiopia eller flaum i Pakistan.

Ein av dei som nyleg har fått merke dette på kroppen, er Muhammed Irsdad. Han er gift og har 3 born, og bur i landsbyen Basti Riaz Abad i Pakistan. Ein morgon tidleg i oktober kom flaumen brått til landsbyen.


Muhammed Irshad og familien hans fikk livet endra totalt når flaumen ramma landsbyen. Huset vart fullstendig øydelagt, og den yngste dottera, Sadia (2), har vorte sjuk av det forureina vatnet. Foto: Fahim Farid/Kirkens Nødhjelp.

- Vatnet kom i stor fart frå kanalen, og eg måtte ta med familien og springe i tryggleik. Vi sprang til næraste landeveg, som ligg litt høgare enn resten av landsbyen. Slik berga vi livet, fortel Muhammed.

Vart sjuk av vatnet

Familien vart buande på denne landevegen uten ly i over ein månad, ventende på hjelp. Då flaumen kom, hadde dei ikkje tid til å ta med korkje husdyr eller annan eigedom. Huset vart fullstendig øydelagt og husdyra drukna.
- Vi har aldri opplevd flaum i landsbyen før, det er noko heilt nytt, seier Muhammed.
Flaumen hadde store konsekvensar for Muhammeds familie. Tidlegare jobba Muhammed som tryggleiksvakt og heile storfamilien var avhengige av inntekta hans. Etter flaumen måtte Muhammed vere saman med familien og han miste difor jobben. I tillegg har flaumen gjort at drikkevatnet er forureina.
- Dottera mi på to år er blitt sjuk av å drikke vatnet etter flaumen. Det er så vidt vi hadde råd til å betale for medisinane ho treng for å overleve, fortel han alvorleg mens kona held dottera tett inntil seg.
Kirkens Nødhjelp sin partnar Sunghi var ein av dei første organisasjonane som kom til Basti Riaz Abad. Dei skal gje Muhammed og landsbyen nye handpumper, latriner, hygieneutstyr og sikre at landsbyen på nytt får trygt vatn.


Muhammed Irshad framfor det som ein gong var inngangsdøra til huset. – Her kom flaumen frå, seier han og peikar. Foto: Fahim Farid/Kirkens Nødhjelp.

Du kan hjelpe

I kriser er vatn kritisk. Difor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofar. Dei sørgjer for reint vatn og høve til gode sanitærforhold der alt er øydelagt. Samstundes jobbar dei saman med folk i utsette område for å førebyggje den neste naturkatastrofen. Kirkens Nødhjelp jobbar i tillegg med å påverke politikarar og andre som styrer og tek avgjerder, til å stanse klimaendringane.

Kirkens Nødhjelp treng di hjelp for å hjelpe. 24. mars går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015 av stabelen i Herøy. Dette er kyrkjelydene sin eigen aksjon. Ditt bidrag gjer det mogleg for Kirkens Nødhjelp å vere der med reint vatn når katastrofen rammar.