Eit barn er fødd på kyrkjebakken

Av: Administrator
14/11-2014

Awe Andrea er fødd på flukt, lykkelig uvitande om konfliktane i Sør-Sudan og om faren som kjempar nokon sin krig ein eller annan stad. Mamma Cecilie sitt fang er hennar eige trygge, vesle verd.


SØR-SUDAN: Då borgarkrigen blussa opp, ga soknepresten i Don Bosco flyktningane lov til å slå seg ned på kyrkjebakken. Her har Cecilie funne ein trygg stad for seg sjølv og dei fem borna hennar. Awe Andrea er fødd på flukt. (Foto: Erik Thallaug/Kirkens Nødhjelp)

Då borgarkrigen i Sør-Sudan blussa opp, ga soknepresten i Don Bosco flyktningane lov til å slå seg ned utanfor kyrkja. I dag er det ni hundre menneske som bur på kyrkjebakken, dei aller fleste kvinner og born. Kirkens Nødhjelp sikrar dei reint vatn, hygieniske sanitærforhold og anna naudhjelp. Men heile tida kjem fleire til, nye flyktningar og born fødd på flukt. Vesle Awe Andrea er ein av dei.

Ho blei fødd i det same teltet som eitt av syskena hennar døyde i for berre nokre månader sidan. Mora Cecilie løftar henne varsamt opp, ammar og voggar babyen med rørslene til ei sjubarnsmor. Hun fortel med den same, rolige stemma om krigen, den dramatiske flukta, dei to borna ho har mista, bekymringane og håpet for dei fem borna som framleis lever.

– Det er ikkje mykje mat, og teltet er ikkje tett. Men vi er glade for å vere ein stad vi kan vere trygge, og at vi har reint vatn. Når krigen er over, kan vi starte på nytt.

Reint vatn til 108 000
Sidan jul i fjor har borgarkrigen i Sør-Sudan tvunge 1,7 millionar menneske på flukt. Dei fleste flyktningane bur ved FN-basar, i kyrkjer eller under eit tre. Kirkens Nødhjelp har det siste året drive ein omfattande naudhjelpsinnsats i tillegg til det langsiktige arbeidet i Sør-Sudan.

Så langt har 80 vasspunkt blitt rehabilitert, og 20 nye brønnar har blitt bora, hovudsakeleg i tilknyting til leirar og lokalsamfunn i nærleiken. Det gir tilgong til reint vatn for 108 000 personar. Kirkens Nødhjelp når ut til flyktningane med helsetenester, telt, tepper, kokekar og hygieneartiklar. Men framleis er dei humanitære behova enorme.


HYGIENE: To år gamle Peter er ikkje så glad for å bli vaska, men mamma Madelena veit at reint vann og god hygiene vernar mot diarésjukdommar som kolera. Kirkens Nødhjelp har bora ein brønn inne i leiren og ein brønn til vertssamfunnet utanfor. I tillegg er det sett opp 12 toalett og 12 bad, i tillegg til eit anlegg for klesvask. (Foto: Erik Thallaug/Kirkens Nødhjelp)

Gi tryggleik til jul!
Kirkens Nødhjelp er kyrkjelyden sin forlenga arm ut i verda. Gjennom dei kan vi gi husrom, reint vatn og naudhjelp til born som blir fødd inn i krig og kaos, anten det er i Sør-Sudan, Syria, Gaza eller Nord-Irak.

Dersom du tenker deg på julegudsteneste denne jula, håper vi du vil støtte arbeidet vi gjør saman med Kirkens Nødhjelp. Husk å ta med kontantar til kollekten – og ver med å gi tryggleik i julegåve til borna som treng det aller mest!