Stor støtte til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon i Herøy

Av: Administrator
15/04-2014

- Støtta til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon har vore heilt fantastisk. Førebels syner oppteljinga at vi endar på meir enn 160000 kroner som er ei stor auke frå fjoråret, seier pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje.


- Eg vil rette ein stor takk til alle som har hjelp til, både til folk som har støtta aksjonen med pengar, privat og bedrifter, og til dei som har gått med bøsse. Engasjementet og responsen har vore fantastisk. Det er tydeleg at folk i Herøy har lyst til å støtte menneske i katastrofesituasjonar og vere med i kampen for ei framtid utan fattigdom, seier Erhard Hermansen som er distriktskontakt for Kirkens Nødhjelp

Pengane som er samla inn går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda, og vil blant anna medverke til at fattige menneske får hjelp i katastrofar. Aksjonen dette året har hatt eit serleg fokus på Syria - Borgarkrigen i Syria har skapt ei av de største humanitære katastrofar på 70 år, 10 millionar syrarar er ramma og 2,5 millionar syrarar er på flukt, seier Hermansen

Imponerande engasjement

- Gjennom Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 2014 har folk i Herøy verkeleg vist at dei vil vere med å gjere ein forskjell. Eg er imponert over det engasjementet eg har sett. Folk har vist stor innsatsvilje. Årets resultat syner at vi har fått inn meir enn 160000, noe som er ein stor framgang frå fjoråret, seier pastor Erhard Hermansen.

Det er framleis mogleg å støtte Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 2014. Ring gjevartelefonen 820 44 088 (200 kroner), send ein sms til 2468 (200 kroner) eller nytt kontonummer 1594 22 87493.