- De kan få tak i Bibelen overalt – det kan ikkje vi

Av: Administrator
19/02-2014

Tekst: Bernt G. Olsen
Foto: Dag Kjær Smemo

Rhode Peña (50) er leiar for barnearbeidet i den austlege baptistkyrkja på Cuba. Ho fortel om eit barnearbeid i sterk vekst. Dette er situasjonen over heile landet.


- Den største utfordringa vår er mangelen på materiell, særleg på biblar. I arbeidet vårt er vi opptekne av at borna skal bli kjende med Bibelen så tidleg som mogleg. På sundagsskulen ynskjer vi difor at alle skal ha sin eigen bibel. Men mange av borna har ikkje sin eigen bibel, så dei må låne ein av foreldre, besteforeldre eller andre dei kjenner.

Kyrkja har laga ein bibelkonkurranse for born frå 6 til 11 år, og denne blir gjennomført i alle distrikta til baptistkyrkja. Premien er at dei ti beste frå kvart distrikt får kome på ein leir, der dei kårar dei tre beste i landet.

- 40 prosent av borna på sundagsskulane våre kjem frå heimar der foreldra ikkje er kristne. Og borna er ivrige til å dele det dei har lært med andre. Dei deltek aktivt og deler bodskapen med både foreldre og andre vaksne, seier Rhode.

Utdanningssystemet på Cuba er godt. Utdanninga er obligatorisk frå 0 til 18 år, så det er ingen analfabetisme; alle lærer å lese og skrive. Men det er få biblar å få tak i.

- Cuba har mange bøker, men få biblar. Vi treng fleire biblar for å kunne undervise borna.

- Kva vil du seie til kristne i Noreg?

- De har det store privilegiet at de kan få tak i Bibelen overalt – slik er det ikkje hos oss. Vi treng hjelp av dykk til å byggje ein ny generasjon på Cuba.