Stor gjevarglede til katastrofearbeid på Filippinene

Av: Administrator
27/11-2013

Sist laurdag var Herøy Frikyrkje ute for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt katastrofearbeid på Filippinene, og 20000 vart gitt til arbeidet.


To av konfirmantane i Herøy Frikyrkje f.v. Even Sævik og Bendik Hermansen var ute for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt katastrofearbeid på Filippinene.

- Katastrofen er i omfang ramma på størrelse med den som var på Haiti. Meir enn tolv tusen menneske vert frykta omkomme, og fleire millionar er direkte ramma av den dødbringande tyfonen som har rammet Filippinene, seier pastor Erhard Hermansen.

Kirkens Nødhjelp og sine partnare er i gang med nødhjelpsarbeid i de hardast ramma områdane.

Erhard Hermansen var sjølv med på innsamlinga sist laurdag og opplevde stor gjevarglede blant Herøyværingane.

- Folk gav avkall på både bursdagspenger og julegåver for å gi til det omfattande katastrofearbeidet, seier Hermansen.

Saman med sine partnare er Kirkens Nødhjelp i gang med matvaredistribusjon, utdeling av nødhjelpspakker og hygienepakker, husreparasjonar og tilgang til reint vatn.

- Faren for epidemiar er store og det er difor avgjerande med reint vatn og tilgang til sanitæranlegg for å unngå infeksjonar, seier Erhard Hermansen, og oppmodar folk om fortsatt å støtte katastrofearbeidet på Filippinene.