Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2012
Dei livsviktige grønsakene

Av: Administrator
08/03-2012

Catarina Ramirez er takksam for grønsakene som veks i drivhuset. Støtta frå Kirkens Nødhjelp er grunnen til at ho kan gje døtrene næringsrik mat og viktig skulegang.


Catarina Ramirez frå Guatemala har fått startstøtte frå Kirkens Nødhjelp til å dyrka grønsaker i drivhus. No gjev ho døtrene næringsrik mat og tener pengar nok til at jentene kan gå på skule. Catarina trur at ei framtid utan fattigdom er mogleg. Her er ho saman med dottera Anabella (14). Foto: Laurie MacGregor/Kirkens Nødhjelp.

- Vitaminer, utbryt Catarina og smiler nøgd. Ho og dottera Anabella har akkurat plukka korga full av fargerike paprika. I det karrige landskapet 2500 meter over havet er det ikkje alt som vil gro. Tørke to år på rad har ført til at store avlingar har gått tapt og prisen på matvarer som blir selde på marknaden, har gått til vers.

- Eg er ofte uroleg for kvar eg skal få pengar til mat. Av og til har eg ikkje nokon ting. Då bed eg til Gud, fortel Catarina. Det høgaste ønsket hennar er å gje døtrene Anabella (14) og Marta (11) skulegang og utdanning. – Utan utdanning kan ein berre få jobb som vaskehjelp for familiar med penger. Eg vil ikkje at døtrene mine skal li same lagnaden som meg. Med utdanning har dei rettar i samfunnet og dei kan få ei ordentleg løn, seier den tapre mora. Ho fortel at skulegangen er gratis, men at gymtøy, skrivesaker og uniform må familiane sjølve betala.

Underernæring eit stort problem
I Guatemala er 60 % av innbyggjarane i landet urfolk, av mayaslekta. I 1996 blei ei rekkje fredsavtalar underteikna etter ei over 30 år lang og blodig væpna konflikt der urfolket leid ein hard lagnad. Gjennom CIEDEG, ei samanslutting av protestantiske kyrkjer i Guatemala, jobbar Kirkens Nødhjelp blant anna med støtte til sårbare grupper.

- Underernæring er ei stor utfordring blant mayafolket, fortel Hugo Garrido, leiar i CIEDEG. Organisasjonen har gjennomført undersøkingar som viser at mange born lir av mangelsjukdomar og har svak helse på grunn av einsidig kost og for lite mat. - Nokre av desse problema stammar frå konflikta då mange blei jaga på flukt og måtte busetje seg i område der dei ikkje hadde kunnskap om jorda dei dyrka. Kombinert med tørke- og regnperiodar som var uråd å varsla, har mange menn flykta til byane for å finna arbeid, medan kvinnene blir verande på landsbygda med ansvaret for familien.

Friske grønsaker i drivhus
Difor har CIEDEG starta kvinnegrupper der det blir gitt opplæring i berekraftig jordbruk og støtte til å byggja drivhus. Catarina er ei av kvinnene som deltek i prosjektet. I drivhusa veks no grønsaker som elles ikkje gror i høgda. Grønsaker som gjev livsviktig næring og sårt tiltrengt inntekt.

- For ei stund sidan plukka vi 120 agurkar i drivhuset, fortel Catarina. Sidan vi er seks familiar som deler, blei det 20 agurker på kvar. Vi har også tomater her. Den første avlinga fekk vi ikkje til, men den neste gav ca 30 kilo. Den vesle kvinna smiler breidt. Ho er stolt. Ho treng ikkje lenger uroa seg for korleis ho skal skaffa pengar til å kjøpa grønsaker på marknaden. Catarina har lært at bønner og mais åleine ikkje er tilstrekkeleg kost for tenåringsdøtrene. – Dei treng vitaminer, seier ho og held fram korga med paprika att.

Grunntanken bak prosjektet er at grønsakene som kvinnene dyrkar i drivhus skal inngå i familien sitt kosthald. Eit eventuelt overskot kan selgjast vidare og gje inntekt.

- Det gjev meg ei god kjensle å kunna ta vare på døtrene mine. Catarina er takksam for starthjelpa frå Kirkens Nødhjelp. - No støttar eg meg sjølv, seier Catarina nøgd.

Fakta:
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 25. – 27. mars

  • Over éin milliard menneske lever i ekstrem fattigdom. Urettferda tek menneskeliv kvar dag. I år set Kirkens Nødhjelps fasteaksjon fokus på økonomisk rettferd. Saman kan vi kjempa for ei framtid utan fattigdom.
  • Det er kyrkjelydar landet rundt som står for gjennomføringa av Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Herøy Frikyrkje arrangerer også i år aksjon saman med Den norske Kyrkje.

  • Pengane som blir innsamla går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.
  • Støtt aksjonen direkte ved å

    • Nytte kontonummer 1594 22 87493
    • Senda ein sms til 2090 (200 kroner)
    • Ringje gjevartelefon 820 44 088 (200 kroner)