FriBU – Barne- og ungdomsarbeid - KRIK Herøy

KRIK (Kristen Idrettskontakt) er ein stad for folk som likar å bevege seg saman, enten ein har vore aktiv idrettsutøvar eller berre er ein glad mosjonist. KRIK Herøy er eit tverrkyrkjeleg kristent arbeid.

KRIK-Trening i Herøyhallen

Onsdagar kl. 19-20 er det trening i Herøyhallen, Bergsøy. Her er det aktivitetar som fotball, badminton, innebandy, volleyball og handball. Felles pause, «midt i», med andakt. KRIK i hallen er plassen for deg som er 8.klassing eller eldre, og som synest det er kjekt å vere med på passeleg seriøs idrettsaktivitet i fellesskap med andre.

KRIK Villmark

KRIK Villmark samlast i friluft. På kortare eller lenger turar og gjennom både litt utfordrande og meir rolege aktivitetar opplever vi naturen rundt oss i fellesskap med andre. Undervegs delar vi eit Gudsord. Nokre av turane er lagde opp med tanke på at heile familien kan vere med, andre er for dei som likar litt meir fart og spenning.

Husk: Vi bur der vi bur. Ta difor gjerne med ein liten sekk med ein ekstra genser, huve og vottar. Ellers kan varmt undertøy, vind- og vasstette ytterklede og godt fottøy vere bokstaveleg tala «hotte tips».